Høyringssvar –om endring i forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk
Følgende høyringssvar er sendt vedrørende endring i forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk
"Pelagisk Forening har ikkje innvendingar mot forslaga, og meiner det er viktig med overgangsordningar. Noko direktoratet òg legg opp til når det er foreslått at sertifikatkravar ikkje skal bli gjeldande før 1. januar 2021.
Pelagisk Forening meiner òg at det bør gjevast unntak for godt vaksne sjøfolk, som er i slutten av sin arbeidskarriere. Dette fordi all erfaring talar for at det er vanskeleg for godt vaksne folk å setja seg på skulebenken. Dette er ofte folk som har lang erfaring, og god realkompetanse. Samstundes stiller godt vaksne folk ofte svakt på arbeidsmarknaden, og det bør unngåast å risikera å senda denne gruppa ut i arbeidsløyse. Sjøfartsdirektoratet blir med dette oppmoda om å gje eit unntak for personar som alt arbeider på slike fartøy, og som er født før ein bestemt dato.
Pelagisk Forening støttar òg innføring av sertifikatet fiskeskipper klasse AB."